Sluttrapport for skulematsatsinga i Vestland fylkeskommune
- Publisert
- Oppdatert
«Skulekantina er meir enn ein stad å bli mett. Ho er ein møteplass og ein arena for berekraftige val i praksis.» Slik omtaler Vestland fylkeskommune og Matvalget det offentlege måltidstilbodet i fylket, og viser at noko så enkelt som maten vi et kan påverke regional verdiskaping, styrkje lokal beredskap og vere eit verktøy for å nå så vel politiske klima- og miljømål som psykososiale mål i skulen.
Dei konkrete delmåla i dette prosjektet har vore:
- 15 % økologisk mat, i tråd med krava i Miljøfyrtårnsertifiseringa
- 20 % reduksjon i matsvinnet
- Følgje kosthaldsråda frå Helsedirektoratet
- Auke bruken av regionale og lokale råvarer i sesong
Frå 2020 til 2025 har ni deltakande skular auka bruken av alle desse punkta. Rapporten samanfattar prosjektperioden, kva både vi i Matvalget og fylkeskommunen har lært og kva vi tek med oss vidare. Den viser òg at slike satsingar kan føre til varig endring.
– Det er oppløftande å sjå at skulane som har motteke rettleiing held fram med å tilby mat til elevane som styrkjer folkehelse og bidreg til eit meir berekraftig matforbruk, seier Leif Magne Grastveit, leiar i Matvalget.
Framtida for mat og måltid er usikker i Vestland som i fleire andre fylker og kommunar med ein stadig meir pressa økonomi. Difor er det etter Matvalget sitt syn endå viktigare å bruke kronene riktig i offentlege måltid, slik at ein bruker lokale ressursar, økologisk produsert mat og mat som sikrar sårbare grupper god og helsefremmande mat.
– Etter prosjektet var ferdig har Vestland fylkeskommune tilsett ein ny rådgjevar som skal jobbe med lokalmat i regionen. Matvalget håper på eit samarbeid også i framtida, der vi kan bidra med kompetansen vår på offentlege anskaffingar og berekraftige måltid som er sunne og gode, avsluttar Grastveit.