Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Vestland fylke satser på kantinene

Fylkestinger i Vestland vedtok i desember 2020 at det skal jobbast med å gjere kantinene meir berekraftige og sunne. Matvalget har i samarbeid med fylkesadministrasjonen, Stryn vgs og Voss vgs, satt i gang eit arbeid for å tilby eit berekrafig måltid på skulane.

Matvalget har samarbeida med Vestland sidan 2018. I perioden har me jobba med fleire kantiner, halde kurs og inspirasjonssamlingar for kantinene i vidaregåande skular i fylket. 

Matvalget rettleier Stryn og Voss vidaregåande skule. Me skal leggja til rette for auka innkjøp av økologiske matvarer, redusert matsvinn, ein større del innkjøp som er i tråd med Helsedirektoratet sine retningslinjer. I tillegg er det planlagt å arbeide for at det blir servert meir fisk og sjømat i kantinene. 

Voss Vidaregåande skule er ein skule med restaurant- og matfag samt naturbrukslinje. I samarbeid med skulen skal me bruke mat som er produsert av elevane i mattilbodet i kantine, og i undervisninga på restaurant- og matfag. Me vil sjå på heilskapen på skulen og nytta dei ressursane som skulen har. I løpet av våren har skulen ambisjon om å arrangere ei berekraftsveke som vil ta føre seg fleire aspekt med berekraft. Då vil skulen ha fokus på dette i undervisninga både teoretisk og praktisk. 

På Stryn vidaregåande skule har dei landslinje for skiskyting. I tillegg har dei fleire yrkesfag som har behov for god mat for å gjere ein god jobb. Skulen har stor søkjarmasse til transportlinja og ein blir ikkje ein god sjåfør om ein berre nærer seg på brus og bollar. Kantina er hjarte i skulen og er ein samlingsplass der elevane no har faste plasser når dei har friminutt. På den måten har skulen tatt på alvor den sosiale sida av måltidet. Det handlar ikkje berre om mat, men og det psykososiale miljøet. Jon, som jobbar i kantina er bakar. Lukta og smaken av nybakt er det lite som slår. Kunnskapen hans gler me oss til å ha nytte av i dette samarbeidet.  

 

Del denne artikkelen

Kontakt

;