«Det handlar om meir enn å bli mett i skulekantinene»
- Publisert
- Oppdatert
Dette skriver Vestland fylkeskommune på sine nettsider:
– Kantinedrift betyr mykje meir enn sal av mat til elevane, og måltidet handlar om meir enn det å bli mett. Kantina påverkar kva forhold dei unge får til mat, og her møter dei nokon som ikkje skal setje karakter på dei, seier Sissel Øverdal, områdeleiar i avdeling for opplæring og kompetanse.
I forkant av det nye skuleåret var over 50 kantinetilsette samla på Voss for å gje kvarandre tips og råd før elevane kom tilbake. Dei vart kjende med rettleiingstenesta Matvalget og fekk høyre erfaringar frå dei pilotskulane i prosjektet Berekraftige, sunne kantiner: Voss og Stryn vidaregåande skular. Frå i haust blir fire nye skular med i kantineprosjektet: Fitjar, Knarvik og Dale vidaregåande skular, i tillegg til Manger folkehøgskule.